Amerikabrev, juni 2010
På 50-talet var det vanleg at vi på Orset fekk både pakke og brev frå slektningar i USA til jul. Hugsar godt den gode lukta av amerikansk tyggegummi når pakkane vart opna. Breva låg i syltynne konvoluttar med spennande frimerke frå det store landet på andre sida av Atlanterhavet. Frimerket kunne vere stempla Seattle. Både bestefar
( Ola Andersson Orset) og bestemor ( Eli Larsdotter Røv, frå Røv i Surnadal) var blant dei mange tusen frå Norge som utvandra til Amerika det første tiåret av 1900-talet. I Seattle møttes dei for første gong. Dei gifta seg der i 1911, og far vart født i desember året etter og fekk namnet Alvin.
Mange frå landet vårt slo seg ned her heilt ute mot Stillehavet på vestkysten av USA like sør for grensa mot Canada. For mange av desse vart arbeid i tømmerskogen og laksefiske livberginga.
Andre ville gjerne bli farmarar og skreiv heim til gamlelandet om flatt prærielandskap til alle kantar så langt ein kunne sjå. Desse utvandrarane slo seg gjerne ned i Nord- og Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, vest og sør for dei store sjøane.
Turen til Midtvesten
For ein heimkjær og lite reisevant torviking ( som berre hadde vore innom nordre del av Sverige tidlegare), var det reine eventyret å ta laus med fly frå heimlandet, gå over i nytt fly på Island og så lande i Minneapolis i Minnesota på ein og same dag; tirsdag 15. juni.
På flyturen hadde vi da sett m.a. aktivitet i skitrekket på Juvas ved Galdhøpiggen, Hallingskarven og Hardangerjøkulen i strålande sommarsol, oljeplattformer i Nordsjøen, lilla lupinmarker rundt flyplassen i Keflavik(sjå bilete med vikingskip), innlandsisen på sørenden av Grønland med radarstasjon bygda av USA under den kalde krigen, drivisen i Labradorhavet og Hudsonbukta før skyene tok utsikten rett før vi kom til Thunder Bay og skulle få sjå ned på verdas nest største innsjø, Lake Superior.
.jpg)
Då flyet kom innover Minnesota , vart det skyfritt att og vi kunne sjå prærielandskapet med eit nett av linjalrette vegar som møtte kvarandre i rette vinklar og delte opp landskapet 10000 meter under oss. Mississippi, - verdas 3. lengste elv, bukta seg gjennom dette flate landskapet. Her var det lite teigblanding og ugreie bytelinjer mellom gardane. Vi landa trygt på flyplassen i Minneapolis tidleg tysdag kveld. Dagen hadde vore lang, - vi tok ut med hurtigbåten frå Molde til Vikebukt (p.g.a. av flyplassstreik og ”Tresfjord”-smell i kaia på Furneset) kl. 05.45 om morgonen og reiste saman med dagen vestover. Slik fekk vi med oss 7 timar ekstra den 15. juni 2010.
Minnesota
Ein av statane i Midtvesten i USA, litt mindre enn Norge med ca.5 mill. innbyggarar.
Det meste av landet er tilnærma flatt og her finn ein meir enn 10.000 innsjøar godt gøymde i det flate terrenget. Innvandrarar frå Tyskland, Norge og Sverige utgjorde ein stor del av folketalet saman med indianarane for ca. 100 år sidan. Mange stader har norske namn, og nord i Minnesota finn vi både bygda Rindal og Rindal postkontor.
St. Paul er administrasjonshovudstad i Minnesota. Sjå bilete frå ”Stortingsalen” og høghusa i sentrum.

Minneapolis med omland er største byen. Avstanden mellom bysentra er berre ca. 10 km, så ein opplever området meir som ein by.
Sjå bileta med gang- og sykkelbru over Mississippi og sentrum i Minneapolis bak, og Ottar Arnfinn Romuld frå Batnfjord (raud skjorte) som ser utover Mississippi.
.jpg)
.jpg)
Byane blir ofte omtala som ”Twin cities” og dei kjempar harde politiske kampar om viktige prosjekt for området, - ikkje så ulikt det som vi kjenner til frå våre heimlege trakter.
For ein einfaldig torviking som ofte har stått med fiskestonga i Torvikelva og håpa på nokre kraftige regnbyer slik at vassføringa vart stor nok til sjøauren og smålaksen, var det stort å stå ved elvebredda til Mississippi.
Tornadovarsel
Godt 40 av lesarane til Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke utgjorde gruppa vår. Vi hadde 100-årsjubileet for utvandrarlaget til Møre og Romsdal i Minnesota som hovudmål for turen ”over there”. Minneapolis var hovudbase denne veka, men jubileet var i Rochester, - litt lenger sør. Der var vi to dagar og møtte mange med utvandrarslekt frå fylket vårt. Ei ekstra oppleving var uveret som kom innover området. Fleire tornadoar hadde stø kurs mot oss i Rochester. Dagen hadde vore svært varm med sterk vind, og mot kvelden kom det mørke skyformasjonar innover frå sørvest. Vi kjøpte oss middag i eit butikksenter like ved hotellet om kvelden, og tok på heimtur like før toreveret tok laus. På hotellrommet skulle vi sjå litt VM-fotball, og på leit etter rett TV-kanal kom vi innom verkanalen for Minnesota der tornadovarslet gjekk ut. Slik var Gerd Ingrid og eg orienterte om kva som var på gang og kunne heile tida sjå kvar retning tornadoane gjekk. Ei intens sirene vart utløyst i området og folk som oppheldt seg rundt resepsjonen på hotellet fekk beskjed om og gå til romma sine og vere på badet til det kom ny beskjed (utan noko meir forklaring kva som stod på). Dette skapte frykt hos ein del av gruppa vår, men heldigvis kom ikkje tornadoane inn over sjølve byen og uveret var over i Rochester i løpet av seinkvelden. Berre småskader i skogen. Flismaskina var på plass tidleg neste morgon for å rydde opp(sjå bilete).

100-årsjubileum for Møre og Romsdal-laget
På utvandrarjubileet var mest heile Vest-Noreg representert med sine lokallag. Rørande å sjå kor viktig det var å vise til røtene sine i gamlelandet for desse amerikanarane med besteforeldre eller oldeforeldre som baska seg vestover Atlanteren i ”Amerikabåten” for 100 - 150 år sidan.
Bestemor til Dolores utvandra frå Rindal for vel 100 år sidan. No går det snart e-post frå Molde til Minnesota om slektningane i Rindal! Sjå bilete av GI og Dolores med utvandrarbok.
.jpg)
På festmiddagen på utvandrarjubileet i Rochester var det bunadparade med orientering om dei ulike bunadane som var representerte (sjå bilete).
.jpg)
Madelyne ved sida av Gerd Ingrid hadde vore i Isfjorden og leita etter slekt utan å lukkast. Sjå bilete frå kaffibordet.
.jpg)
Mange har i nyare tid teke turen til gamlelandet og leita opp heimstaden til forfedrane sine. Dei fleste med hell, men nokre reiste tilbake utan å finne plassen dei kom frå eller nære slektningar.
Etter jubileet i Rochester bussa vi austover, besøkte eit ørnesenter ved Mississippi (sjå bilete), kryssa elva og kom inn i Wisconsin.
.jpg)
Nordover langs elva var vi i Midtvesten slik ein har sett det på cowboyfilmane (sjå bilete). Området er Harley Davidson land, og det krydde av blankpussa motorsyklar på vegane i dette dalføret. Her såg vi også ”Huset på prærien”, heimen til Laura Ingalls Wilders som skreiv bøkene som var ”mal” for denne TV-serien.
.jpg)
.jpg)
.jpg)
Gudsteneste
Gudstenesta i Den Norske Mindekirken i Minneapolis var eit av høgdepunkta i Minnesota. Her møtte vi fleire utvandra nordmøringar og andre norske turistar frå fylket vårt. Olav Bjarte Sande frå Øvre Surnadal fann ein ”sambygding” frå Aune i nedre Rindal ved kyrkjekaffibordet. Ho drog over til USA i 1951 og har vore tilbake til Rindal 20 gong.
.jpg)
.jpg)
Indianarane
Turen til eit indianarområde ved innsjøen Mille Lacs Lake nord i Minnesota var også svært interessant. Her fekk vi sjå korleis indianarane levde i dei ulike årstidene som varierte frå + 40 til - 40 grader.
Eit flott museum var bygd opp ved strandkanten der indianarane tidlegare hadde eit av sine leirområde. Sjå bilete.
.jpg)
.jpg)
Maisåkrane dominerte jordbruket i den delen av Minnesota vi besøkte.
Vi såg lite av ”norske” fjøs-/ låvebygningar, men gardane hadde gjerne fleire kjempestore siloar og tankar. Med så mykje dyrka jord på kvar gard vart det langt til naboane (sjå bilete).
.jpg)
.jpg)
Kjempehøge vasstårn av ukike utformingar stod med jamne mellomrom over heile området vi såg. Slik skaffa dei seg godt trykk på vassforsyninga (sjå bilete).
.jpg)
Cruise med elvebåt
Avsluttar med nok eit høgdepunkt: Cruise på Mississippi med hjulbåt, ein betre middag og rundt 25 grader dei siste timane før dagslyset tok farvel med St. Paul og Minnesota (sjå bilete).
.jpg)
En stor takk til Per Arnt Orset og Gerd Ingrid Folden for det fantastiske amerikabrevet, hilsen torvikbukt.no redaksjonen.